Lars Palmar Breivik

Spesialist i klinisk psykologi med intensiv psykoterapi
Medlem av NPF – Lærar med institutt for psykoterapi
Godkjend erfaren veileder og tilsvarende terapeut i Den Norske Legeforening.

Mobil: 41 45 02 82
e-post psykologlars@yahoo.com

Om psykoterapi:
Psykodynamisk psykoterapi
er ei behandlingsform som baserer seg på regelmessige samtalar mellom pasient og terapeut. Behandlinga er systematisk og ofte langvarig, og pasienten kjem til time ein eller fleire gonger i veka, som regel til faste tider.

Samarbeidet dreier seg om å oppdage, forstå og bearbeide følelser, fantasiar og opplevingar frå tidligare og noverande relasjonar i livet samt bli klar over korleis ein inngår unngår eller beskytter seg mot skremmande, smertefulle og forstyrrande tankar, følelser og opplevelser med beskyttelsesmekanismer som ein gang kan ha vore nødvendige eller hensiktsmessige, men som i dag hindrar ein i å leve eit godt liv.

Gjennom samtalane kan pasienten og terapeuten saman utforske ukjente sider av pasientens indre liv, sider som ofte kjem til uttrykk i form av angst, depresjon, tvangsplager eller kroppslege symptom. Ofte vil dette henge saman med livsvanskar som samlivsprobler, problem med å fungere i jobb, studie eller i forhold til venner.
Etterkvart som eins samspelmønster også trer fram i forholdet mellom pasient og terapeut, kan ein oppdage og tydeleggjerere dette og bearbeide det saman i terapien.

Behandlinga tar tid, og tida vil variere med kva slags problem ein slit med. Det kan ofte vere klokt å berekne tida i år heller enn i månader. Mange kan likevel også ha svært god nytte av meir kortvarig behandling. Å kome i kontakt med ein psykoterapeut som er kvalifisert for ei slik type behandling skjer ved å skrive brev og ringe til privatpraktiserande psykolog eller psykiater. I brevet beskriver en sitt liv og sine problem og tankar om kva slags behandling ein tenkjer kan vere nyttig. I tillegg til eigensøknad trengs henvisning frå fastlege.

Dei fleste psykoterapeutar har stor pågang, og ein må derfor ofte rekne med noko ventetid, særlig hos dei som har driftsavtale med helseforetaket. Hos avtalespesialistar betaler ein berre ein eigenandel pr time inntil ein får frikort som gjeld ut kalenderåret.
Prisen på kvar eigenandel og eigenandelstak 1 (som gir frikort) vert oppdatert årleg. Gjeldande beløp kan du finne på HELFO’s nettsider.

Føler du at du er i behov av akutt, øyeblikkeleg hjelp, eller at det hastar veldig med å kome til behandling, kan du vende deg til den psykiatriske poliklinikken du soknar til, eller be fastlegen din henvise deg dit.

Sjå også:
HELFO: Gjeldende egenandeler for helsetjenester